Skip to main content
Vi gifter oss!

Vi gifter oss!

Laurdag, 13. Juli 2024

Inviterer dykk til å feire vårt bryllaup
#

Alt text

Vigsel og bryllupsfest på Nesholmen i Hyen.

Registrering
#

Register deg her

Program
#

Kjem snart!

Overnatting
#

Vi skal ha vigsel og bryllupsfesten på vakre Nesholmen leirstad. Vi har reservert mesteparten av Nesholmen denne helga, men vi treng å vite om du/dykk skal ha overnatting frå fredag til søndag.

Prisar er ikkje heilt sett enno, men vert under 1000 kr for overnatting og frukost. Vi spanderer frokost på søndagen til alle som vil kome!

Sengetøy
#

Det er mogleg å leige sengetøy og handkle frå Nesholmen for ca.150-200kr. Meld då i frå om dette i påmeldingsskjemaet. Det er også lov til å ha med eige sengetøy, om ein føretrekk det.

Alternativ overnatting
#

Om du ønskjer overnatting med bubil er prisen ca.150 kr for parkeringsplass og straum. Pris for frukost kjem i tillegg.

Overnatting etter helga
#

Dersom ein ønsker fleire overnattingar enn fredag-søndag, kan dette avtalast direkte med Nesholmen enten på epost eller telefon. Meir info finn du på nettsiden til Nesholmen.

Transport
#

Alle hendingane som står på programmet skjer på Nesholmen. Det er derfor berre nødvendig å planlegge transport til og fra leirstaden.

Vegskildring
#

Adressa er: Nesholmen Leirstad Hyevegen 3602

Det er fleire vegar og måtar å kome seg til Nesholmen på. Kjem ein frå Sandane, kan ein følgje fylkesveg 615 gjennom Hyen og heilt til avkøyrsla til Nesholmen. Om ein kjem frå Førde, køyrer ein mot Florø og tar av på Storebru. Avkøyringa ned til leirstaden kjem til å vere tydeleg merkt.

Alernativ transport
#

Vi er klar over at det kan vere utfordrande å kome seg til Nesholmen utan eigen bil, så om du vil kome med annan type transport er det berre å ta kontakt. Saman skal vi finne ei løysing!

Oppsummering av praktisk info:
#

Grilling
#

Vi tenkjer å grille på fredag, så ta med det dykk ynskjer å grille sjølv. Vi stiller med salat og diverse tilbehør.

Kleskode
#

Kle deg pent, men ta omsyn til veret. Om veret vert greitt kjem vi til å ha vigsel ute, så vel sko og antrekk du kan ha på gras og grus.

Oppdateringar
#

Det meste av informasjonen på nettsida er bestemt, men det kan kome endringar. Gjerne ta ein sjekk innom denne nettstaden når datoen nærmar seg for å halde deg oppdatert.

Ønskeliste
#

Den viktigaste gåva de kan gje er at de kjem for å feire med oss. Meir gåve enn det er ikkje nødvendig.

Til dei som har lyst til å gje oss noko ekstra, ynskjer vi oss hovudsakleg økonomiske bidrag til vår bryllupsreise til Japan i 2025. Om du vil gje bidrag til noko meir fysisk og praktisk har vi også behov for bidrag til hagemøblar eller tørketrommel.

Vi har det meste vi har behov for, men om du vil gje ei gåve som kan pakkast inn kjem det ei meir spesifikk ønskeliste snart.